Offisielt startskot for Sogn Utvikling   

No er eigarkommunane også «med på laget».   

Bilete av eigarar og representantar for Sogn utvikling

Eigarlaget: Ordførarane frå Sogndal, Luster og Vik var til stades for å signere papir under Sogn Utvikling si generalforsamling 17.02. Framme frå venstre: Arnstein Menes, Ivar Kvalen, Geir Arve Sandvik (styreleiar Sognekraft), og Roy Egil Stadheim.  

- Sognekraft er og skal vera ein motor i Sogn. Den motoren vert endå sterkare med dette, seier regionrådsleiar og ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim.    

  

Fredag 17.02 var det duka for ekstraordinær generalforsamling med utviding av selskapskapitalen og val av styre som viktigaste saker. Ordførarane frå Sognekraft sine eigarkommunar Vik, Sogndal og Luster kommune sette sitt blekk på papiret og er no eigarar saman med Sognekraft.   

Ein fasilitator for grøn industri

Sogn Utvikling skal vera ein tilretteleggjar og fasilitator for grøn industri i framtidas Sogn. Styreleiar i Sognekraft, Geir Arne Sandvik, var glad då selskapet fekk sitt offisielle startskot.   
  
- Dette er ein stor dag for Sognekraft. Eg håpar og trur det er det for regionen også. Det er eigarane som har sett dette i gang, og me i styret har vore heilt samstemte. Sognekraft er no på veg inn i ein ny fase.   

Både Sogndal, Luster og Vik var samrøystes i deira formannskap, då tilråding av eigarskap var tema. Ordførar Ivar Kvalen i Luster er tydeleg på at initiativet frå Sognekraft er noko som var sterkt ønska.   

- Me var tidleg ute og peika på at kanskje Sognekraft kunne etablera eit slikt miljø. Kunnskapen konsernet sit med vil kunne tilføre mykje i vår region når ein skal forsøke å etablere verdiskaping og nye arbeidsplassar i ein grøn industri.    

Ordførarane i Sogndal, Luster og Vik signerer papir, saman med styreleiar i Sognekraft

Det var mange blide fjes å sjå etter at papira var signert. Ordførarane er samstemte i si tru på at Sogn Utvikling vert eit viktig selskap for utviklinga av grøn industri i regionen i åra som kjem.  

I Sogn i dag vert det produsert vesentleg meir kraft enn det som vert nytta. Det ligg med andre ord godt til rette for etablering av næring og arbeidsplassar med straum som viktig innsatsfaktor. Innan 2030  vert situasjonen annleis. Då har Statnett oppgradert «motorvegane» mellom aust og vest og meir kraft vil forsvinne ut av regionen.  

- Når det gjeld å utnytte kraftressursane i Sogn så er det no toget går, og då lyt me vera med, seier ordførar Arnstein Menes i Sogndal kommune.   

Viktig for regionen

Styreleiar for Sogn Utvikling vert Terje Bakke Nævdal og nestleiar Berit Larsen. I tillegg er Arnt Solli, Jan Sølve Haugen og Anne Karin Hamre styremedlemmar.  
 
I spissen for satsinga prosjektet står dei to tilsette, Torgeir Skålid og Malèn Røysum. Sistnemnde tek til i jobben 1. mars, medan Skålid allereie har komen godt i gang. Han er godt nøgd med at dei nye eigarane stiller seg bak prosjektet på måten dei gjer.   

Torgeir Skålid held presentasjon

Torgeir Skålid gler seg over å ha formalitetane for selskapet på plass. Snart får han selskap av Malèn Røysum, som skal jobbe med arealplanlegging.   

- Det seier noko om kor viktig dette er for utviklinga av Sogn som region. Me er tidleg i planleggingsfasen enno, men eg både håpar og trur me kan få til mykje som vil kome både Sognekraft og Sogn til gode på sikt, avsluttar Skålid.   


Forrige
Forrige

Våre sponsoravtalar set krefter i sving

Neste
Neste

Sygnir reduserer nettleiga med 15 prosent