- set krefter i sving

Dagmar-historikk i Sognekraft

Sognekraft har fekk til liks med andre nettselskap mykje å gjera i samband med dagmar sine herjingar. Her kan du lese meir om kva som skjedde dag for dag.

25. desember: Sognekraft fekk inn dei første meldingane om straumbrot kring klokka 18.30. I løpet av nokre timar var kring 6.000 av 8.000 husstandar i kommunane Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik utan straum.

26. desember: I løpet av natta og dagen vart det utført omfattande arbeid for å reparera linjebrot. Stort skadeomfang vart konstatert i alle kommunane våre . Kring klokka 19.00 vart dei siste skadane på høgspentlinja Leirdøla-Årøy utbetra og dei aller fleste Sognekraft-abonnentane fekk att straumen. Om lag 500 av 8.000 husstandar utan straum.

27. desember: Stor innsats frå Fjærland bygdelag og vårt eige personell gjorde at Fjærland fekk att straumen. Også i dei andre kommunane vart det lagt ned stor innsats. Om lag 300 av 8.000 husstandar utan straum.

28. desember (klokka 14.00): Fresvik sentrum har fått att straumen. Også fleire einskildkundar og mindre grender har fått att straumen i løpet av dagen. I underkant av 50 husstandar utan straum no, og vi har gode voner om å redusera talet på straumlause ytterlegare utover kvelden og natta. Der vi har størst problem med å løysa problema er i Balestrand, iområdet Dragsvik-Sværefjorden og Nessane.

29. desember: Dragsvik-Sværefjorden, der det var store skader på linjenettet, fekk att straumen. Også store deler av Nessedalen fekk att straumen. Det vart utført mykje rydding og reperasjonsarbeid, og ein god del einskildabonnentar kunne endeleg koplast til straumnettet att. Nokre få einskildabonnentar manglar framleis straum grunna linjebrot inn til husa.

30. desember: Det vert gjennomført omfattande linjesynfaring til fots og med helikopter. I tillegg har vi mannskap ute i felten som driv reparasjonsarbeid og gjennomfører førebyggjande tiltak. Nokre få einskildabonnentar manglar framleis straum grunna linjebrot inn til husa.

31. desember: Fleire hendingar som gjorde at vi måtte kalla ut mannskapet vårt, mellom anna brann i ein trafo i Fardal og sikring av lågspentnett på Kaupanger. Ein kunde frå Fjærland rigde og spurde om kva tid han kunne få att straumen etter å ha vore straumlaus sidan 2. juledag. Dette var ein feil vi ikkje hadde registrert, og kunden sa at han ikkje ville masa på oss fordi han visste at vi hadde så mykje å gjera. Vi reparerte feilen og han fekk att straumen.

1. januar: Alle fastbuande straumkundar til Sognekraft har fått att straumen, nokre få med aggregatdrift grunna omfattande linjebrot med knekte master mv. Men i løpert av dagen vart det ei rekkje hendingar med kortare straumutfall, mellom anna i Feios, Vangsnes, Sværefjorden og Esebotnen. Linjenettet vårt er sårbart som følgjer av Dagmar sine herjingar.

3. januar: Eit trefall på høgspentlina vår over Kvåle i Sogndal førte til straumbrot på meir enn ein halv time i store deler av Sogndal og heile Leikanger og Balestrand. Diverre er vi svært sårbare etter Dagmar sine herjingar, særleg på nordsida av Sognefjorden. Dette skuldast at linjenettet mellom Vik og Feios/Fresvik har fått svært store skader, og at nordsida av Sogenfjorden difor ikkje får straumforsyning frå Vik.

4. januar: Reperasjons- og oppryddingsrabeid etter Dagmar pågår for fullt slik det har gjort sidan 1. juledag, både med eige og innleigd mannskap.

Januar: Straumforsyninga i store delar av Sognekraft sitt konsesjonsområde var i ein svært sårbar situasjon etter Dagmar. Normalsituasjonen er at det skal to alvorlege feil til før store delar av dei vi forsyner med straum får straumbrot. På nordsida av Sognefjorden (Sogndal, Leikanger og Balestrand) skulle det no berre ein feil til før mange kunne misse straumen.

Linjenettet mellom Vik og Feios/Fresvik fekk svært store skader, og vi kunne ikkje forsyna nordsida med straum frå Vik. Det vart lagt ned eit stort arbeid for å utbetra skadane, og i midten av månaden hadde vi igjen tosidig innmating på plass det vil seia ei reserveløysing som er oppe og går heile tida.

I siste halvdel av januar termofotograferte vi linjenettet for å oppdage elektriske feil på nettet slik at desse kunne verte reparert før dei eventuelt kunne påføre sluttbrukarar straumutkopling.Februar: Vi er igjen i ein tilnærma normal situasjon med omsyn til straumforsyninga og forsyningstryggleiken i området vårt.

 


Sognekraft © 2010