- set krefter i sving

Om Sognekraft >

Jobb og karriere

Stillingsannonse-bilete

Vel du å søkje på ein jobb i Sognekraft, så vel du å arbeide med fornybar energi. Sognekraft er ei kompetansebedrift og medarbeidarane er ei viktig ressurs.

Her i Sogn er Sognekraft ei mellomstor bedrift med kring 70 medarbeidarar. Vi jobbar innan mange fagfelt. Det vert difor stilt store krav til fleksibilitet og spisskompetanse. Medarbeidarane får høve til å utvikle seg i samsvar med selskapet sine satsingsområde.

Selskapet står framfor mange nye investeringsprosjekt både innan ny produksjon (kraftverk) og nye nettanlegg. Medarbeidarane i Sognekraft vil vere med å byggje anlegg som skal driftast i mange tiår framover.

Her finn du ei brosjyre som viser utbyggingsprosjekta våre og kompetansebehovet knytt til dei.

Vis alle | Steng alle
Stor kontaktflate i eit triveleg miljø Vi søkjer deg som likar å gi god service overfor kundar og kollegar. Gjerne utdanning utover vidaregåande skule, men erfaring og personlege eigenskaper er like viktig. Vi søkjer ein serviceinnstilt kollega som har eit godt kundefokus overfor både interne og eksterne kundar. Du er motivert for å jobbe med menneske og har god formidlingsevne. Hovudoppgåver er
  • Kundemottak /ekspedisjon
  • Kundetelefon
  • Kundehandsaming på telefon
  • Sakshandsaming og post
Vi kan tilby ein variert arbeidsdag i eit hyggeleg og fagleg dyktig arbeidsmiljø. Sognekraft har kring 70 tilsette fordelt på Vik, Sogndal, Balestrand og Årøy kraftverk. Flest tilsette er knytt til drift og vedlikehald av straumnettet. Hovudkontoret og fellesfunksjonane er ved kontoret i Vik. Marknadsseksjonen, som denne stillinga tilhøyrar, har mellom anna avsvaret for kundesenteret og målarteknikarane. Kundesenteret har ansvar for kundeoppfølging, alt frå oppretting og avslutning av straumabonnement, ajourhald av informasjon og utsending av faktura, samt rådgjeving og sal av dei ulike produkta. Målarmontørane har ansvar for å montere opp målarar hjå kundane, kontrollere målarane og samle inn målarverdiar. I tillegg sel og monterar dei varmepumpe og alarm. Seksjonen har vidare ansvaret for marknadsføring og profilering, sal av straum til sluttkundar, samt produktutvikling og utgreiing av nye produkt og forretningsområde. Seksjonen har 12 tilsette. Vi har gode forsikringsordningar innan pensjon, person og reise. Tilsette kan disponere hytte på Storefjell som Sognekraft leiger. For meir informasjon ta kontakt med marknadssjef Trude Undebakke på 57 69 86 12/916 83 498 eller ansvarleg for kundetenesta Beate Seim på 57 69 86 17/974 94 509 Send søknad til post@sognekraft.no innan 21.5.2012.  
- Les meir ...
Det er viktig for Sognekraft si rekruttering at ungdom i regionen kan ta utdanning innan selskapet sine fagområde. Vi samarbeider godt med Sogndal vidaregåande skule om undervisningsmateriell, undervisning og tilbyr lærlingplassar. I tillegg tilbyr vi sommarjobbar, praksisplassar og informerer ungdom som skal ta utdanningsval om kva moglegheiter for jobb dei finn i Sognekraft. Vi tilset minst ein lærling i energimontørfaget kvart år. I tillegg har vi byrja å ta inn energioperatør lærlingar. Vi samarbeidar med studentar om tema som dei brukar i oppgåveskriving og tilbyr sommarjobb der dei kan få ansvar for mindre prosjekt.

Send søknad innan 11. mars vedrørande lærlingplass til post@sognekraft.no eller ta kontakt på tlf 57 69 86 00 om det er noko du lurer på. Her er annonsen om ledige lærlingplassar i Sogndal og Balestrand frå hausten 2012 som var i Sogn Avis 25.2.2012.  
- Les meir ...
Vi har til ei kvar tid 2-3 lærlingar. Desse er innan faget energimontør, energioperatør og dataelektronikarfaget. Meir informasjon om utdanningsvegar innan bransjen på www.energiutdanning.no Vi har ledig lærlingplass i Sogndal og Balestrand frå hausten 2012 i energimontørfaget. Send søknad innan 11. mars vedrørande lærlingplass til post@sognekraft.no eller ta kontakt på tlf 57 69 86 00 om det er noko du lurer på. Her er annonsen om ledige lærlingplassar i Sogndal og Balestrand frå hausten 2012 som var i Sogn Avis 25.2.2012.  
- Les meir ...
Vi tilset kvart år 10-15 ungdommar i sommarferien. Vi tilbyr jobb på montørbasane og på kontoret. Spesielt ungdom som går på elektrolinja på vidaregåande skule, teknisk fagskule eller elkraftlinja på ingeniørhøgskule prøver vi å finne eit tilbod til. Gjennom sommarjobbar blir ungdom kjent med bransjen og selskapet og vi får eit inntrykk av elevar og studentar.

Send søknad til post@sognekraft.no innan 11 mars 2012. Her er annonsen som var i Sogn Avis 25.2.2012.  
- Les meir ...
Her finn du svar på spørsmål om jobb og karriere i Sognekraft. Kva kompetanse har Sognekraft bruk for?
Sognekraft utfører dei same oppgåvene som store kraftselskap. Arbeidsoppgåvene er innan produksjon av vannkraft, overføring av straum og sal til kundar. Kjernekompetansen vår er energimontørar og elkraftingeniørar. Men vi har også mange tilsette innan økonomi, it, personal og kundesenteret. Kor mange kjem Sognekraft til å tilsetje?
Dei neste åra vil vi auke kraftig tal ingeniørar innan nett og produksjon som følgje av utbygging av kraftverk. Når veksten er på det største forventar vi at det vert tilsett om lag 10 personar i året inkludert erstatning av naturleg avgang. Korleis får eg jobb hjå dykk?
Alle ledig stillingar vert lyst ut på www.sognekraft.no og i lokalaviser. Send søknad på e-post til post@sognekraft.no.
- Les meir ...

Emneord:

Sognekraft © 2010