Til Hovedsiden
Kraftprisar Målaravlesing Di side Kontakt oss
NVE tilrår konsesjon for Feios kraftverk

NVE har i dag tilrådd konsesjon for Feios kraftverk i Vik kommune. Feios kraftverk AS har planlagt å nytte elvane Storelvi og Åfetelvi frå kote 435 og med utløp direkte i sjøen. Utbygginga vil gje om lag 95 GWh, noko som svarar til straumforbruket for 4750 husstandar. Sognekraft er hovudeigar i kraftverket med 70 % av aksjane i selskapet.
 
Dette er gledeleg, seier adm. direktør i Sognekraft Terje Bakke Nævdal. Feios kraftverk er eit utbyggingsprosjekt som Sognekraft har jobba med i mange år. Når NVE tilrår konsesjon for Feios kraftverk er dette ein viktig milepæl for oss.
 
Det er tilrådd ei minstevassføring på 295 liter pr. sekund om sommaren og 85 liter pr. sekund om vinteren. Dette er litt høgare minstevassføring om sommaren enn omsøkt, og om lag som omsøkt om vinteren. Dette er nær det Sognekraft også meinar er rett minstevassføring, seier Bakke Nævdal.
 
Det er spesielt positivt at NVE har konkludert med at Feios kraftverk kan byggjast utan større skadar eller ulemper for allmenne og private interesser, og at utbygginga tek omsyn til verdiane i vassdraget.
 
Tilrådinga frå NVE går no vidare til Olje- og energidepartementet til endeleg handsaming.
 
Kontaktpersonar:
 
Adm. direktør Terje B. Nævdal, Tlf: 91 18 10 56
Produksjonssjef Jacob Hornnes, Tlf: 91 34 06 34

Her er link til NVE si tilråding.

 

<< Tilbake     Skriv ut artikkelSkriv ut side

• Telefon: 57 69 86 00 • Telefaks: 57 69 86 10

• Postadresse: Postboks 3, 6891 Vik i Sogn