Det trengst meir satsing på kraft, ikkje mindre

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal kommenterar skatteframlegget frå regjeringa, som vart lagt fram onsdag 28. september.

Reaksjonane har vore sterke i kraftbransjen etter at regjeringa presenterte sitt forslag om økt skattelegging av vasskraft den 28. september. Med tanke på energiutfordringane Noreg og Europa står ovanfor i dag, og i framtida, kunne forslaget knapt ha komme på eit verre tidspunkt.

Noreg treng meir fornybar energi og ikkje mindre. Den nye skattelegginga vil derimot føre med seg dramatiske konsekvensar for dei framtidige investeringa landet sårt treng.

Fleire kraftutbyggjarar, til dømes Lyse, Eviny, Glitre og Agder, har allereie signalisert at dei vil revurdere sine fornybare prosjekt i respons til regjeringa sitt forslag. Det same lyt også gjelde for oss. Det kan sjå ut som at Sognekraft må leggje i frå seg planlagte investeringar for nær 1,4 milliardar kroner og 200 GWh til ny vasskraft produksjon.

Me jobbar med å byggje kraftverk i Feios og Offerdal, men ei innføring av denne type skattar vil utfordre investeringane ytterlegare. Det er viktig å ta med at desse investeringane i utgangspunktet var marginale med tanke på dei økonomiske forutsetningane, elles hadde dei vorte bygd for lenge sidan. Det er ikkje eit økonomisk grunnlag å byggje ut ytterlegare fornybar energi om dei nye skattane vert innført.

Tilbod og etterspørsel

Når etterspørselen er større enn tilbodet, aukar kraftprisane. Difor trengst meir kraft. NVE har spådd eit varig kraftunderskot i Noreg innan 2025, og dersom ein ønskjer å unngå å forverre kraftkrisa i framtida må noko gjerast fort. Me har med andre ord eit skrikande behov for meir kraft i åra som kjem. Regjeringa sitt framlegg syner liten forståing for dei reelle utfordringane i kraftbransjen.

For å ruste regionen og landet for framtidas elektrifisering er det behov for dyre investeringar. Pengane Sognekraft tenar no – og har tent den siste tida – ynskjer dei kommunale eigarane i all skal liggje att for å byggje ny kraft og industri i regionen.

Tidlegare hadde kraftselskap ca ein tredjedel av kraftprisen til å betjene gjeld, driftskostnader og overskot. To tredjedelar har gått til skattar og avgifter. I det nye framlegget vil ein sitje att med endå mindre, då denne tredjedelen vert kneppa inn til 23 prosent av kraftprisen. Alt av dette forsvinn også når prisen bikkar 70 øre. Det vil med andre ord verte lite interessant å produsere til høgare pris, eller å byggje ut til ny kraftproduksjon. Pengane frå kraftselskapa vert no flytta frå regionale felleseigde ressursar til staten.

Det er tydeleg at denne type løysing har komme frå byråkratar og politikarar som har avstand til, og manglande kunnskap om kraftsystemet i Noreg. Utfordringa er at me ikkje er rusta for framtida som kjem. Ved å ta kapitalen ut av ein bransje, som kunne ha vore redninga på ein potensiell langvarig energikrise, så gjer staten dette langt vanskelegare. Dette rammar sjølvsagt oss i kraftbransjen, men det fråtar oss også moglegheiten til å føre landet ut av ein potensiell langvarig kraftkrise. Ein slik situasjon vil gå utover folk flest. Den einaste løysinga er å byggje meir kraft, og det fort.

Me håpar difor, saman med resten av bransjen, at innføring av desse tiltaka vert trekte. Ein ser kva konsekvens dette har for det grøne skiftet, kostnaden for folket og ikkje minst at det vil føre til ein auka energikrise i Noreg. Me må satse på ei framtid utan fossilt brensel.

Det er uansett dit me skal, spørsmålet er berre kor raskt ein kjem dit når ein vurderar å nytte politiske verkemidlar som motverker det grøne skiftet.

 
Forrige
Forrige

Opprop mot Kraftskatt

Neste
Neste

Lærlingar er ein unik ressurs