Leikanger kraftverk
Gjennom selskapet Leikanger Kraft AS eig Sognekraft 100 % av Leikanger kraftverk i Sogndal kommune.
Anlegget blei bygd i perioden 2017 til 2021 og består av ein kraftstasjon i fjell ved Suppam og ni inntak fordelt på Grindsdalen og Henjadalen.
Aggregatet har ein installert effekt på 77 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon på om lag 208 GWh.
Kraftverket disponerer også delar av magasinet Store Trastadalsvatn. Reguleringa er her delt mellom Sogndal kommune til drikkevassføremål og Leikanger kraftverk, der Leikanger kraftverk disponerer dei øvste 2 m av magasinet.