Ein regional og framtidsretta utviklingsaktør 

Torgeir Skålid i sola i Sogndal

Torgeir Skålid er dagleg leiar for Sogn Utvikling.

Sognekraftkonsernet er ei drivkraft i Sogn og saman med kommunane Vik, Luster og Sogndal, har me skipa selskapet Sogn Utvikling. Me skal utvikle framtidas grøne industri og arbeidsplassar med legitimitet i lokalsamfunnet basert på dei lokale kraftressursane.   

I Sogn vert det i dag produsert vesentleg meir kraft enn det som vert nytta. Det ligg godt til rette for etablering av næring og arbeidsplassar med straum som viktig innsatsfaktor. Fram mot 2030  vert situasjonen endra, då har Statnett oppgradert “motorvegane” mellom aust og vest og meir kraft vil forsvinne ut av regionen. 

«Dette er ein stor dag for Sognekraft. Eg håpar og trur det er det for regionen også. Det er eigarane som har sett dette i gang, og me i styret har vore heilt samstemte. Sognekraft er no på veg inn i ein ny fase.» 

Styreleiar i Sognekraft AS, Geir Arve Sandvik, i samband med at kommunane 
og Sognekraft offisielt gjekk saman om satsinga på Sogn Utvikling, 17.02.23. 
 

Tilsett ser på turbin i Leikanger kraftverk

I Sogn er det i dag mykje overskotskraft, mellom anna takka vera produksjonsbidrag frå Leikanger kraftverk (biletet). Potensialet for utvikling av ny grøn industri i regionen er stort.

Framtida er grøn, og Sogn Utvikling skal vera Sogn sitt bidrag i det grøne skiftet. Her har me verdas reinaste fornybare energi, eit robust lokaleigd distribusjonsnett, tilrettelagde areal, høgt kompetent arbeidskraft og levande bygder og lokalsamfunn. 

“ Sognekraft er og skal vera ein motor i Sogn. Den motoren vert endå sterkare med dette. Me må saman ta ansvar for å utvikla regionen i det grøne skiftet, ved å utnytta kraftressursane me har tilgjengeleg. ” 

Regionrådsleiar og ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim.

Me skal finne vinnarane

Torgeir Skålid er dagleg leiar i Sogn Utvikling: 

- Det er fantastisk å få jobbe med dei tre kommunane og det største lokaleigde aksjeselskapet i regionen i ryggen. Me har dei fleste bitane til puslespelet på plass i Sogn, no handlar det om å setja dei saman på ein måte som bidreg til lokal verdiskaping og arbeidsplassar, seier han.

Selskapet skal: 

·       Finne vinnarane: Identifisere, vurdere og kvalifisere aktørar og næringar som er rett for Sogn. Byggje kompetanse rundt næringane ein vil satse på.  

·       Ha areala klare: Spele inn behov til kommunane sine planarbeid, regulere, utvikle og legge til rette for ønska aktivitet. 

·       Legitimere: Bygge organisasjon som kontinuerleg er i dialog med interessentane, kommunar og lokalsamfunn for å sikre at satsingar har naudsynt legitimitet. Fokus på positiv samfunnsutvikling.  

Sogn Utvikling er eigd 62,5% av Sognekraft AS og 12,5% av kvar av kommunane Vik, Luster og Sogndal. Styreleiar er konsernsjef Terje Bakke Nævdal og nestleiar er visekonsernsjef Berit Larsen. Styremedlemmar er Arnt Solli (Senior Vice President and Head of Insight i Volue), Anne Karin Hamre (direktør Vestlandsforsking) og Jan Sølve Haugen (ingeniør i Norconsult).  

Har du innspel eller ein idè knytt til ny grøn industri i Sogn? Ta gjerne kontakt på e-post torgeir@sognutvikling.no eller telefon 975 87 931.











Forrige
Forrige

Godt engasjement på møte i Feios

Neste
Neste

Våre sponsoravtalar set krefter i sving