Godt engasjement på møte i Feios

Bygdalaget vart tildelt 1,5 millionar kroner under informasjonsmøtet 3. mai.

Erlend Bårgard og Utbyggingssjef Harald Fimreite held presentasjon

Utbyggingssjef Harald Fimreite (t.v) og Konserndirektør Produksjon i Sognekraft Erlend Bårgard var med og leia møtet i Feios onsdag kveld, der ein representant frå Veidekke også deltok. 

Det vart eit godt oppmøte og mykje bra engasjement då Sognekraft heldt ope informasjonsmøte på ungdomshuset i Feios onsdag kveld.

Nærare 60 stk var til stades for å høyre meir om utbyggingsplanane for kraftverket som skal stå klart i 2026. Både Sognekraft og Veidekke heldt presentasjonar undervegs i møtet, i tillegg vart det open spørsmålsrunde på tampen av kvelden.

- Det var ein stor dag då me endeleg kunne ta dei første gravetaka under byggjeoppstart 7.mars. Prosjektet er eit marginalt prosjekt og eg trur få andre enn Sognekraft hadde gjort dette. Det viser berre deira ønskje om å bidra til felleskapet, sa ordførar i Vik Roy Egil Stadheim, som opna møtet.

Ordførar Roy Egil Stadheim og andre folk på veg til møte

Ordførar i Vik Roy Egil Stadheim talte først under møtet inne i ungdomshuset, etter at produksjonssjef Erlend Bårgard (heilt til høgre) hadde ønskt velkommen.

- Eg trur kraftverket kan gje gode ringverknader for lokalsamfunnet og forhåpentlegvis vere med å skape mange nye arbeidsplassar i framtida.
 

Ekstra god stemning vart det då det lokale bygdalaget vart tildelt ei pengegåve på 1,5 millonar kroner, som Sognekraft ønskjer skal kome bygda til gode. Det var Jaran Øyre Rinde og Ivar Feidje Hjortland som mottok pengegåva på vegne av bygdalaget.

Gåveutdeling til bygdalaget.

Erlend Bårgard delte ut pengegåva, til glede for Jaran Øyre Rinde (midten), Ivar Feidje Hjortland (t.h) og resten av bygdalaget i Feios.

- Me er veldig glade og takknemlege for at prosjektet no vert realisert, sa Rinde, som ikkje torer å røpe kva bygdalaget vil bruke pengane på heilt enno.

- Kanskje ein badestrand?, kom det frå sidemannen Hjortland.

- Me får sjå, avslutta Rinde med eit lurt smil. 

Bygdalaget og Erlend held fram sjekk.

Kva bygdalaget vil bruke pengane på er ikkje bestemt. Vert det badestrand tru?


Forrige
Forrige

Grønt lys for Feios kraftverk 

Neste
Neste

Ein regional og framtidsretta utviklingsaktør