Elisabeth er konstituert som konserndirektør nett i Sygnir
30-åringen har ansvaret i mars og april fram til Bjørn Carlsen tek over.
- Det er veldig stas å bli spurt, seier Elisabeth Stokkenes.
I desember i fjor vart det kjent at Bjørn Carlsen har takka ja til å verte ny konserndirektør nett for Sygnir, som erstattar for Stian Frøiland som gav seg i februar. Carlsen tek til i jobben ved månadsskiftet april/mai.
I mellomtida har Stokkenes vald å takke ja til å styre skuta. Ho er den første kvinnelege konserndirektør nett hjå Sygnir, sjølv om det rett nok er på lånt tid.
- Eg tenkjer det er ein fin måte å få innsikt i ein større del av aktiviteten til Sygnir, seier ho sjølv.
- Ein kjempegod kandidat
Stokkenes jobbar til dagleg som avdelingsleiar for regionalnett i Sygnir. At ho no får utvida leiarerfaring ser ho på som spanande for vidare utvikling.
- Klart det er spanande. Samstundes er det mykje å setje seg inn i også. Forhåpentlegvis kan eg vere med å bidra med å halde i trådane fram til Carlsen er på plass.
Elisabeth vart i haust nominert i kategorien Årets Kraftkvinne 2022, ein pris som nyleg vart oppretta for å setje ekstra søkjelys på kvinner i kraftbransjen som utmerkjer seg på sin arbeidsplass.
Stian Frøiland har mange lovord å kome med om den mellombelse erstattaren.
- Eg er veldig glad for at ho takka ja. Ho er ein kjempegod kandidat på alle moglege måtar. Ho er veldig flink til å koordinere, til å kommunisere og så har ho vist eit stort læringspotensial ved alle steg ho har tatt til no i konsernet, seier han.
- Har imponert
Konsernsjef Terje Bakke Nævdal er tydeleg på at det er kompetanse, ikkje kjønn, som vart avgjerande for at ho vart spurt. Han gler seg til å ha Stokkenes med i leiarteamet, sjølv om det berre er for ei kort stund.
- Elisabeth har imponert stort i dei åra ho har vore her og er eit naturleg val ved ei slik konstituering. Eg kjenner meg trygg på at ho kjem til å gjere ein flott jobb i perioden ho er konstituert, seier han.