Ei heilstenging av Lærdalstunnelen er ikkje til å leve med
Har Vegvesenet eigentleg sett seg godt nok inn i konsekvensane?
Tilgang til straum og internett er blant sjølve grunnpilarane i vår samfunnsstruktur, men denne tilgangen vil bli betydeleg svekka dersom Sognekraft ikkje har tilgjengeleg transport mellom Aurland og Lærdal.
I samband med oppgraderingsarbeid i Lærdalstunnelen er det i hovudsak tre alternativ som no er til vurdering; nattestenging, heilårsstenging eller heilstenging i to periodar. Statens vegvesen har gjeve liten informasjon om korleis dei tenkjer å vareta samfunnskritisk infrastruktur dersom tunnelen vert heilt stengt. At dei no ber dei nærliggande kommunane og næringsliv om innspel til ei konsekvensutgreiing som skal vere ferdig først i mars, gjer at ein lyt spørje seg; har dei sett seg godt nok inn i dei negative ringverknadane denne stenginga vil ha for lokalsamfunnet?
For Sognekraft sin del og for våre brukarar, vil dei vere mange.
Difor er bodskapet klart: Det er ikkje eit alternativ å stengje av tunnelen delar av døgnet året rundt, eller heilt gjennom lengre tidsperiodar, utan tilgang til transport gjennom tunnelen.
Sognekraft er normalt sett godt rusta til å sørge for tilførsel av straum og fiber inn i heimane til folk i eit geografisk spreidd og tidvis utfordrande terreng. Utan alle tunnelane som har vorte bygd i regionen hadde det vorte vanskeleg å nå fram dit ein treng. Tilgang til Lærdalstunnelen er heilt essensielt for å kunne sikre tilbodet i regionen.
Hindrar for drift og beredskap
Ved sidan av bebuarar som vert råka, vil konsekvensane vere store for selskapa i konsernet.
Sognekraft produksjon vil ved stenginga ha store vanskar med å kunne drifte og ha vedlikehald av kraftanlegg ein har ansvar for i Aurland og Lærdal, dersom mannskapet vårt ikkje får tilgang til tunnelen.
Fiberselskapet og Sognenett er den største leverandøren for digital kommunikasjon i området. Manglande tilgang til heile dekningsområdet vil svekke beredskap og auke risiko for bortfall av kritisk infrastruktur. Sambandet som går gjennom Lærdalstunnelen er ein av dei viktigaste digitale stamvegane mellom Bergen og Oslo. Utfall frå denne stamvegen kan ha store konsekvensar også på nasjonalt nivå.
Nettselskapet Sygnir består av tidlegare Sognekraft nett og nettet til Aurland Energi og Lærdal Energi. I dag er dette ein integrert aktivitet for heile regionen. Straumleveranse er også ein del av viktig kritisk infrastruktur, med stor konsekvens ved bortfall. Stenging av tunnelen vil hindre dagleg drift og svekke betydeleg beredskapen.
For å ha ein god beredskap er ein avhengig av tunnelen for å unngå kritiske situasjonar med straumfall i området. Dette gjeld også for beredskap inne i sjølve tunnelen, då Sygnir skal byggje opp den nye infrastrukturen for høgspentanlegg og står ansvarleg for både drift og vedlikehald av eksisterande kablar og nettstasjonar når oppgradering held på.
Avbøtande tiltak
Nattestenging på vilkår tilsvarande det Aurland Energi hadde under opprusting av Gudvangatunnelen er det einaste alternativet Sognekraft kan leve med. Då kunne klarerte tilsette i god dialog med entreprenør køyre gjennom tunnelen utanom fastsette kolonnetider. Dette er eit tiltak som er nødvendig å få til også denne gongen.
I sum er dette eit langt betre alternativ enn ein uakseptabel heilstenging, som vil få enorme konsekvensar for vår drift og for samfunnet – dersom det vert gjennomført.