Oppdatering om Veitastrondvatnet

Her kjem oppdatert informasjon om vasstandsmålingane i samband med nedbørssituasjonen i Sogn, fredag 11. november.

Nedbørsmengdene har skapt utfordrande situasjonar fleire stader på Vestlandet det siste døgnet.

Sjølv har me følgd nøye med på situasjonen rundt Veitastrondvatnet, der me køyrer med fulle lukeopningar. Me har tappa ned mykje dei siste dagane og torsdag 10. november klokka 14.00 låg målingane på 169.71.

Likevel; nedbøren kjem fort og vatnet vil passere HRV (170.50) i løpet av fredag ettermiddag.

Trass tiltaka som er gjort er det vanskeleg å kome med spådomar under slike vêrforhold, men me gjer det me kan for å handtere situasjonen på best mogleg vis og oppdaterar fortløpande på Facebooksida vår ved behov.

Oppdaterte vasstandsmålingar kan du sjå her: Vasstandsmålar — Sognekraft
 

 
Forrige
Forrige

Då Thea tok fagprøven vart ho historisk

Neste
Neste

Nytt utviklingsselskap for grøn industri