Nytt utviklingsselskap for grøn industri

I samarbeid med Sogn Næring skal Sognekraft skipe eit nytt næringsselskap med fokus på lokal etablering av grøn industri. Selskapet har ein passande arbeidstittel: Sogn Utvikling.

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal og dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid utanfor kontoret til Sognekraft

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal har fått med seg dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid, i eit år for å være med i oppstarten av eit nytt og framtidsretta prosjekt.

– Vi, som alle andre framtidsretta næringar, er nøydd å ta vår del av ansvaret for det grøne skiftet. Vi ønskjer å gjere det vi kan for å bidra med tilrettelegging av grøn industri i regionen, seier konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

Ukjent farvatn

Prosjektet  vil mellom anna verte drive fram av Torgeir Skålid, som har vorte «kjøpt fri» frå stillinga som dagleg leiar i Sogn Næring, førebels for eit år. Sjølv er han svært spent på jobben han no skal i gang med.

– Denne type industriutvikling er noko vi har pusha mot også i Sogn Næring, men vi har ikkje hatt ressursane til det. At Sognekraft no tek den rolla, er heilt essensielt, så når Terje spør om eg kan bidra så kjenner eg at eg har lyst til å vere med på dette.

Torgeir Skålid på sitt kontor

Torgeir Skålid omtalar den nye jobben som eit ubeskrive blad, men gler seg til å setje i gang.

– For eigen del så er eg jo spent, for mykje av det eg skal til med er litt ukjent farvatn. Men eg har eit godt nettverk og kjenner næringslivet i Sogn, så eg trur eg skal klare å få med meg flinke folk inn i dette arbeidet, seier Skålid.

Nævdal på sin side seier han er glad for å ha fått Skålid med på satsinga. Skålid, som tek til i jobben 1. november, vert ein del av eit team som skal sørgje for at dei riktige brikkene fell på plass. Dette er noko av det teamet skal jobbe mot:

– Vi er ein del av det grøne skiftet som leverandør av elektrisitet. Ein betydeleg del av straumen i Norge blir produsert her i Sogn. Då må vi også samtidig foredle denne straumen på ein måte som sikrar arbeidsplassar og utvikling i regionen.

– Når det no vert planlagt linjer som skal føre straumen ut av regionen, må vi handle raskt for å sikre oss denne knappe og viktige ressursen, og sjå korleis vi klarar å utvikle Sogn vidare med fornybar energi, seier Nævdal.

Håpar kommunane vil bidra

Fleire detaljar rundt namn av selskap og kven som skal vere ein del av prosjektet vil kome når det er avklart. Enn så lengje har konsernsjefen ei sterk oppfordring til kommunane i regionen om å sjå sitt snitt til å gripe sjansen og ta del i denne framtidsretta, regionale satsinga.  

Nævdal håpar kommunane i regionen ønskjer å vere ein del av den nye grøne satsinga.

- Vi skal tette eit hol i marknaden, der vi må ha dyktige organisasjonar som bidrar til grunderaktivitet og hjelper næringslivet. Det er naturleg at eit offentleg eigd selskap også inviterer lokalsamfunnet til å ta del i satsinga, og me håpar sjølvsagt kommunane ønskjer å ta del i dette. Om vi dreg kreftene i fellesskap, er det størst sjanse for å lukkast, avsluttar Nævdal.  

 
Forrige
Forrige

Oppdatering om Veitastrondvatnet

Neste
Neste

Opprop mot Kraftskatt