Solid framdrift i Feios

Denne blide gjengen kunne i mai jubla for gjennomslag i overføringstunnelen - ein av dei største milepælane for kraftutbyggingsprosjektet i Feios sålangt.

Gjennom vinteren og våren har det skjedd mykje ved Feios kraftverk – eit prosjekt som rykkjer stadig nærare ferdigstilling. Prosjektleiar Bernt Erlend Fridell skildrar vinter- og vårhalvåret 2025 som ei god og produktiv fase, med fleire viktige delmål som er kryssa av.

– Framgangen i prosjektet er god med mange høgdepunkt å sjå tilbake på. Me byrjar å sjå konturane av eit komplett kraftverk, men framleis står ein god del arbeid att, seier han.

Innvendig i kraftverket er begge turbinane og generatorane no på plass i maskinsalen. Transformatoren er på plass, og det er trekt fleire kilometer med kabel – både internt i anlegget og ut gjennom tilkomsttunnelen og vidare til straum-mastene til Sygnir.

Sygnir byggjer linjene til Feios Kraftverk. Her byrjar prosjektet å nærma seg sluttfasen.

– Stolpane er no monterte heilt frå Håastrondi opp til Dagshovden mot Vik, og eg har fått melding om at alle tre fasane er ferdigstrekt. No gjenstår det berre topparbeid i mastene før me etter kvart er klare for spenningssetting, fortel Fridell.

- Så har det skjedd mykje oppe i Åfetdalen, der begge inntaka nærmar seg ferdige, og ein hadde gjennomslag i overføringstunnelen i mai – ein av dei størte milepælane i prosjektet så langt.

Bilete frå inntaket ved Storelvi.

På Haugasete-sida skal totalt fire inntak byggast. To av desse er no så godt som ferdige, medan dei to siste framleis er under bygging. Samstundes er det også sett i gang bygging av inntak i Nyasetedalen.

Skryt frå NVE-direktør 

Det har òg vore stor interesse rundt prosjektet den siste tida, med fleire profilerte besøk.

– Me har hatt besøk både frå toppleiinga i Veidekke og frå NVE-sjef Kjetil Lund. Det var veldig kjekt å få dei på besøk. Det er ikkje kvar dag NVE-direktøren tek slike turar, så det tar me som eit teikn på at dette er eit prosjekt som vert lagt merke til, seier Fridell.

NVE-sjef Kjetil Lund (raud hjelm) var nyleg på synfaring i Feios (Foto: Kristine Ugstad / NVE)

Lund kom med gode tilbakemeldingar, og gav Sognekraft skryt både for gjennomføringa av prosjektet og for eit godt samarbeid med lokalsamfunnet.

Testfase startar til hausten

No og framover i sommar vert fokus å starte sluttføring av alle anleggsdelene, både det som er inne i fjellet og det som er utandørs. Når sommaren er over er det testfase av sjølve kraftverket som står for tur.

– Då startar me med igangkøyring av anlegget, inkludert signaltesting, spenningssetting, oppfylling av vassvegen og utprøving av alle komponentar og maskinar. Det er ein omfattande fase som markerer at me nærmar oss målet, avsluttar Fridell.


Forrige
Forrige

Erna Solberg på besøk i Feios kraftverk

Neste
Neste

Vinn draumedag med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer!