Vinn draumedag med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer!

Lagbilete draumedag

I 2023 var det Syril G11/12 som fekk ein draumedag på Fosshaugane Campus dei seint vil gløyme.

Draumedagen er ei heilt spesiell fotballoppleving for eit heldig lag i vår region. Bli med i trekninga!

Sognekraft er stolt hovusponsor av Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer, og saman ynskjer me å skape gode opplevingar for eit aldersbestemt lag i vår region. For tredje året på rad inviterer me til ein draumedag på Fosshaugane Campus.

Vinnarane får ei oppleveing utanom det vanlege: fotballtrening saman med spelarar frå dame- og herrelaget, omvising i garderoben, tur med Stao no pao-bussen og pizzaservering.

Sjå video frå 2024 då Jotun J11 og ÅTIL J12 fekk oppfylt draumen sin:

Meld på ditt lag til Draumedagen

Ønskjer du at ditt lag skal vera med i trekninga ? Då kan du delta i konkurransen ved å sende søknad på e-post til sponsor@sognekraft.no

Det me treng frå deg er:

  • Namn på laget og kvar de kjem frå

  • Alder og tal personar på laget

  • Kvifor skal akkurat de vinna draumedagen?

Dato for dagen vil skje i samråd mellom vinnarlaget og arrangør.

NB! Ved å sende inn søknad samtykker ein til at det vil bli publisert bilete og videoinnhald frå draumedagen i sosiale medium.

Søknadsfrist: Søndag 29. juni. Vinnaren vert trekt og annonsert fortløpande etter dette.

Lykke til!

Forrige
Forrige

Solid framdrift i Feios

Neste
Neste

Tom Dyrdal vert ny konserndirektør for stab i Sognekraft