Tom Dyrdal vert ny konserndirektør for stab i Sognekraft
Tom kjem frå Avery Dennison NTP og trer inn i rolla som konserndirektør for stab i Sognekraft 1. april. Foto: Ganesh Foto
- Få lokale verksemder har ei så stor påverknadskraft i regionen som Sognekraft. Eg gler meg til å kunne vera med å bidra til endå meir lokal verdiskaping, seier Tom Dyrdal.
Tom trer inn i den nyoppretta rolla som konserndirektør for stab i Sognekraft 1. april 2025.
Brei leiarerfaring
Etter ein solid søknadsprosess med mange kvalifiserte søkjarar til jobben var det til slutt den erfarne lustringen som trakk det lengste strået. Tom har over 15 års erfaring som leiar i lokale og internasjonale roller i Avery Dennison NTP. Mellom 2009-2023 jobba han i ei leiargruppe der han i åtte av desse åra jobba som dagleg leiar på fabrikken i Gaupne. Med Tom som del av leiargruppa gjekk talet på tilsette i Gaupne frå 70 til 200 tilsette - og er no ein hjørnesteinsbedrift i Luster kommune.
- Det har vore ei ganske spesiell reise å få vera med på. Eg er stolt av det me har fått til, og ikkje minst at me har klart å byggja opp noko i Gaupne som gjev positive ringverknader for lokalsamfunnet.
Ved trykkeriet i Gaupne har dei levert vekst, år etter år, delvis gjennom eksport og delvis gjennom lukrative kontraktar som leverandør av merker, trykk og logoar til dei fleste storklubbane, som Real Madrid og Manchester United.
Tom har vore med på ei imponerande reise med trykkeriet i Gaupne, sidan han starta “på golvet” i 2003. Foto: Ola Skram
- Me har lukkast i å byggja opp ein solid portefølje etter kvart, men for min del må eg kanskje seia at det heile kulminerte med Premier League-kontrakten i 2018, som me hadde jakta på i lang tid.
- Dei står framleis på kundelista i dag, seier Tom som dei siste åra gjekk inn i ei meir internasjonal stilling i konsernet, med fokus på global vekst.
- Framtidsretta
Men no står lokal verdiskaping igjen i fokus. Som konserndirektør for stab i Sognekraft skal Tom styra stabsfunksjonane, skapa synergiar og jobba med å utvikla forretninga knytt mot kundar og partnarar.
Sjølv om det teknisk sett berre er Tom sin andre faste arbeidsgjevar, let han seg ikkje stressa nemneverdig av det.
- Det vil sjølvsagt ta litt tid å setja seg inn i både bransje og den nye rolla eg skal ha. Men eg ser fram til utfordringa, og ikkje minst å få verta ein del av ein så spennande og framtidsretta arbeidsplass som eg meiner Sognekraft er.
Konsernsjef Terje Bakke Nævdal er naturlegvis storfornøgd med å få Tom på laget.
- Tom er ein svært kompetent leiar med brei erfaring. Det han har fått til i Avery Dennison NTP talar for seg sjølv, og me ser fram til at han skal bidra til vidare utvikling i konsernet. Eg kjenner meg trygg på at han er rett mann for jobben og me gler oss til å ta imot han 1. april.