Sognekraft byggjer Fardalselvi kraftverk
Fardalselvi vil bidra til 10 GWh fornybar energi i året, og kraftverket skal stå klart i løpet av 2026. Frå venstre: Konserndirektør Produksjon Erlend Bårgard og utbyggingssjef Harald Fimreite.
Sognekraft har vedteke bygging av Fardalselvi kraftverk i Fardal, eit prosjekt som vil bidra med ca 10 GWh fornybar energi i året – nok til å dekka det årlege straumforbruket til kring 600 hushaldningar. Bygginga er planlagt å starta i 2025, og kraftverket skal etter planen stå ferdig i 2026.
Kraftverket vil bli det 15 kraftverket Sognekraft byggjer på litt over ti år.
– Fardalselvi kraftverk er ein viktig del av satsinga til Sognekraft med å styrkja energiforsyninga i regionen. Me er glade for at dette prosjektet no kan realiserast etter ein lang og grundig prosess, og me ser fram til å setja i gang med bygginga, seier Erlend Bårgard, konserndirektør i Sognekraft Produksjon.
Prosessen med Fardalselvi kraftverk starta i 2012 då Sognekraft inngjekk samarbeidsavtale med grunneigarar i området. Konsesjonen blei gjeven i 2015, og prosjektet blei endeleg vedteke av styret i desember 2024.
Med det vil Sognekraft byggje ikkje berre eitt eller to, men tre kraftverk på same tid. Nyleg blei også bygging av Kråkeelvi kraftverk i Høyanger vedteke, og i Feios arbeider Sognekraft Produksjon med Noreg sitt største utbyggingsprosjekt for nye kraftverk.
– Å driva tre store prosjekt samstundes er ei utfordring, men me har over tid fått opparbeidd solid erfaring med slike utbyggingar. Eg kjenner meg trygg på at me har kompetansen til å landa desse prosjekta på ein god måte, seier Erlend Bårgard, konserndirektør i Sognekraft Produksjon.
Fardalselvi kraftverk:
• Plassering: Fardal, Sogndal kommune
• Installert effekt: 3,58 MW (peltonturbin)
• Slukeevne: 2100 l/s
• Årleg produksjon: 9,8 GWh (tilsvarande om lag 600 husstandar)
• Konsesjonsløyve gjeve: 2015
• Byggestart: 2025
Kraftstasjonen vil ligga 300 meter frå der elva renn ut i Sognefjorden.
Lokale omsyn
Fardalselvi kraftverk er designa for å utnytta ressursane i området på ein effektiv måte. Inntaket blir plassert på kote 275, medan kraftstasjonen skal liggje på kote 74, med utslepp om lag 300 meter frå der elva renn ut i Sognefjorden. Vatnet blir ført gjennom ei 2,2 kilometer lang røyrgate, delvis gjennom lausmasse og fjellgrøft, før det når kraftstasjonen.
– Målet er å utnytte ressursane optimalt, samstundes som me minimerer naturinngripen så langt det let seg gjera, seier Bårgard.
Bygginga vil skje i tett dialog med grunneigarane, spesielt der røyrgata kjem nær bustadhus.
– Å byggje eit kraftverk krev at me balanserer tekniske og økonomiske krav med omsynet til omgjevnadene. God dialog med grunneigarane er heilt sentralt for å lykkast, seier Bårgard om prosjektet som i løpet av sitt første driftsår vil bidra med nesten 500. 000 kroner i eigedomsskatt til kommunen.
Erlend er stolt av å vera med å leda nok eit kraftutbygggingsprosjekt i det som vert Sognekraft sin tredje pågåande kraftutbygging.
15 kraftverksutbyggingar på 10 år
Når Fardalselvi kraftverk står ferdig i 2026, vil Sognekraft sidan 2018 ha bygd og sett i drift kring 500 GWh.
– Det er inspirerande at me i vesle Sogn per no er ein såpass stor aktør for utvikling av ny vasskraft nasjonalt. Me er stolte av å bidra til auka kraftproduksjon og som er med på å skapa positive ringverknader for både lokalsamfunnet og regionen, avsluttar Bårgard.