Energiutstilling på ViteMeir

Leiar for administrasjon og utvikling Marit Haugan Hove på ViteMeir

Leiar for administrasjon og utvikling Marit Haugan Hove på ViteMeir testar ut ei av modellane som skal takast i bruk på den nye energiutstillinga som opnar no i september.

- Me både håpar og trur at denne utstillinga inspirerer og engasjerer born og ungdom til å løysa dagens og framtidas energiutfordring, seier marknad- og berekraftsansvarleg i Sognekraft, Miriam Høyheim Lægreid.

16. september opnar ViteMeir-senteret på Kaupanger ei ny utstilling med fokus på formidling av grunnleggande kunnskap om det fornybare energisystemet. Sognekraft har vore ein viktig bidragsytar til utstillinga som med ei levetid på 10 år estimert vil nå opp mot 400.000 besøkjande.

Vil skapa engasjement blant unge

Knappe to år har gått sidan Vitensenteret opna dørene for publikum i november 2021. Sidan då har nesten 60. 000 besøkande vore innom senteret. Etter halvanna år med utvikling og planlegging er det no klart for det største utstillingsprosjektet som har vore på ViteMeir til no.

- Målet med den nye utstillinga er å spreie kunnskap om og interesse for energi som fagfelt, med ekstra fokus på morgondagens utfordringar. I utviklingsprosessen har me sikta oss inn på tema som me meiner er relevante i gjestene våre sin kvardag, og som det kan vera nyttig å vite meir om, seier Marit Haugan Hove, leiar for administrasjon og utvikling på ViteMeir. 

Portrett smilande Marit

Marit ser fram til å ta i mot unge og lovande gjestar til den nye utstillinga.

I 1. etasje av bygget vert store delar av etasjen delt inn i ulike installasjonar og temasonar der ein skal kunne utforske og lære meir om samanhengane mellom produksjon og forbruk av straum, kva rolle kraftproduksjon har spelt for utvikling av regionen, og utfordringane ein står ovanfor med ei framtid som etterspør meir rein energi enn det som vert produsert i dag.

- Dei som typisk er våre gjestar i dag, er dei som skal løysa problem om 10-15 år. Samstundes både håpar og trur me denne utstillinga vil treffa godt i andre aldersgrupper også, legg Marit til.

Godt samarbeid med Sognekraft

Ho fortel at prosjektet ikkje hadde vore mogleg å realisera hadde det ikkje vore for gode finansielle og faglege bidrag frå sentrale lokale aktørar, som Sognekraft.

- Sognekraft har vore med frå starten og vore tydeleg på at dei ønskjer å bidra. Me har fått god hjelp med innspel og idear i workshop. Utan deira hjelp hadde dette vore vanskeleg å få til, seier ho.

For Sognekraft sin del påpeiker Miriam at som drivkraft i Sogn har det vore naturleg for Sognekraft å bidra med det ein kan i mot prosjektet. Ho håpar utstillinga vil vera med på å spreie kunnskap og vekke interesse blant unge - inn mot ei bransje som spelar ei viktig rolle for samfunnsutviklinga i framtidas Sogn.

Dømebilete frå utstilling

Utstillinga er retta mot barn og unge, men vil innehalda kunnskap som kan vera nyttig for folk i alle aldrar.

- Me har heile tida vore veldig tydelege på at me ønskjer at dette er noko ViteMeir skal få til, og me gler oss over utstillinga som no kjem på plass. Dette er ikkje berre ei investering for notida, men kanskje først og fremst for framtida.


Forrige
Forrige

- Avgjerande bidrag til det grøne skiftet

Neste
Neste

Med positiv effekt på lokal næring