Fornya optimisme for Feiosbui - med midlar frå kraftutbygginga

Styreleiar Monica Feidje Midlang kunne smila breidt under markeringa for Feiosbui 8. desember. Her saman med konserndirektør i Sognekraft Produksjon Erlend Bårgard (t.v) og Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (t.h).

For halvanna år sidan var Feiosbui nær konkurs. Den lokale butikken, som i fleire tiår har vore eit sosialt og praktisk knutepunkt for Feios, sleit med raude tal og usikre framtidsutsikter. Sidan då har gode grep blitt tatt for å sikre vidare drift og fornya optimisme.

Fredag 8. desember kunne butikken markere ei ny tid med moderne, automatisert drift som reduserer kostnader og gir butikken eit nytt livsgrunnlag. Butikken er no nummer 100 i landet som er digitalisert gjennom Merkur-programmet.

– Me måtte ta i kraftige tak i drifta for å snu trenden og har jobba hardt for å koma oss gjennom denne perioden. Det var tøft å stå så nær konkurs, men no ser me at dei nye løysingane fungerer. Butikken er meir tilgjengeleg, og me har stor tru på at omsetnaden vil auke, seier styreleiar Monica Feidje Midlang.

Støtte frå bygdalaget - med midlar frå utbygginga

Eit forløysande bidrag til omlegginga kom frå Feios Bygdalag, som har gått inn på eigarsida av butikken med eit innskot på godt over ein halv million kroner. Dette var mogleggjort mellom anna gjennom midlar frå Sognekraft Produksjon som vart tildelt som ein del av utbyggingsavtalen for Feios Kraftverk ved oppstarten av byggjeperioden.

– Å kunne halda liv i butikken er heilt avgjerande for lokalsamfunnet vårt, både av praktiske årsaker men også fordi butikken er ein viktig sosial møteplass, seier leiar i bygdalaget, Gjertrud Samland.

Talar og musikkinnslag stod på programmet under nyopninga av Feiosbui i8. desember.

Gjertrud fortel at med resterande midlar er det kome forslag om å utvikla området rundt butikken, til dømes gjennom å utbetra kaiområdet og laga til ei båthamn.

– Dette er lokal verdiskaping i essens. Investeringar som dette betyr mykje for både trivsel og framtidstru for bygda vår.

Feiosbebuarane har slått ring om lokalbutikken, og møtte opp i hopetal for markeringa.

Framtidstru

Med nye og kloke investeringar på plass har Feiosbui no fått eit nytt grunnlag som sikrar vidare drift og utvikling for bygda.

– Me håpar og trur at dette vil gi oss eit løft, og at omsetnaden vil auka. Feiosbui er så sentral for bygda vår, og vil no forhåpentlegvis kunne halda fram som ein viktig møteplass for både fastbuande og fritidsbebuarar i mange år til.


Forrige
Forrige

Sognekraft byggjer Fardalselvi kraftverk

Neste
Neste

Sognekraft Produksjon byggjer Kråkeelvi kraftverk