Informasjonsbrev Feios Kraftverk vinteren 2024
Sognekraft ynskjer å halda grunneigarar og andre interesserte oppdatert på bygginga av Feios Kraftverk. Difor kjem me med jamne mellomrom til å leggja ut informasjonsskriv kring viktige aspekt ved prosjektet.
Under kjem aktuell informasjon som syner noko av arbeidet som har vore denne vinteren.
Fullført og pågåande arbeid
Gjennom vinteren har det hovudsakleg vorte utført fjellarbeid i form av tunneldriving. Sjølve adkomst-tunnelen på Håastrondi er ferdig og tunnelboreriggen er no på veg oppover mot Åfetdalen der den etter kvart møter tunnelen som er på veg nedover frå Åfet. I tillegg er kraftstasjonen sprengt ut og det føregår utsprenging av trafohall og avløpstunnel. Biletet under viser utklypp frå 3D-modell av kraftstasjon og trafohall.
Utsprenging av trafohall:
I Åfet-dalen føregår det tunneldriving i to retningar. Mot Haugasetedalen blir det laga ein flat overføringstunnel som også skal nyttast som magasin. Denne er komme ca 700m mot Haugasetedalen. I tillegg blir det jobba med å lage tunnel ned mot Håastrondi og det er venta gjennomslag hausten 2024. Biletet under viser tunnelpåhogget i Åfetdalen.
I Haugasetedalen har det gjennom vinteren føregått arbeid med etablering av kabelgrøft som skal forsyne anleggsdrift og etter kvart inntaka. I tillegg er vegane blitt opprusta og stikkrenner er bytt ut. Gjennom våren og sommaren vert det starta opp med bygging av inntak både i Åfet og Haugasetedalen, medan inntaket i Nyasetedalen først blir starta til hausten.
HMS og ytre miljø
Sognekraft har eit sterkt fokus på HMS og ytre miljø i prosjektet og har sett inn fleire tiltak for å betra arbeidsmiljøet til dei som jobbar på prosjektet og for å redusere belastninga på lokalsamfunnet.
Sognekraft har saman med Veidekke og Fosse Maskin gått i bresjen for å få etablert fleire møteplassar på vegen mellom Feios og Vangsnes, me vonar dette skal gjera situasjonen betre for dei køyrande på vegen. Det blir jobba med å få løyve til å ha desse møteplassane permanent.
For å betra trafikktryggleiken i Åfetdalen har Sognekraft saman med Veidekke pålagt alle arbeidarar tilknytt anlegget å overhalda ei redusert fartsgrense på 30 km/t opp vegen til Åfet. Dette er for å sikra at trafikken går smidig og trygt under byggeperioden. Me vil samtidig oppfordra lokalbefolkninga om det same.
Sognekraft har vidareført skuleskyssordninga for elvar i Feios gjennom vinteren. Skuleskyssen vil i denne runden halda fram til påske 2024.