Sognekraft Produksjon byggjer Kråkeelvi kraftverk
Prosjektleiar Kåre Fosse (t.v) og konserndirektør for Sognekraft Produksjon Erlend Bårgard (t.h) er klare for å ta tak i nok eit prosjekt. Kråkeelvi Kraftverk vil ha ein årleg produksjon på rundt 15 GWh.
Sognekraft Produksjon er i gang med bygginga av Kråkeelvi kraftverk i Lånefjorden i Høyanger kommune. Kraftverket vil bli eit småkraftverk med ein installert effekt på 5,2 MW og ein årleg produksjon på 15 GWh – tilsvarande eit årleg straumforbruk til omlag 950 husstandar, basert på tal frå SSB i 2023.
Stor tilførsel av ny vasskraft
Med byggjeoppstarten av Kråkeelvi Kraftverk er Sognekraft Produksjon no i gang med sitt andre pågåande utbyggingsprosjekt, ved sidan av Feios kraftverk. Med desse kraftverka klare, vil Sognekraft ha bygd og sett i drift nærare 500 GWh med ny fornybar kraft sidan 2018.
- Bygginga av Kråkeelvi kraftverk, saman med Feios, er eit viktig del av vårt bidrag til å auka fornybar energiproduksjon som del av det grøne skiftet, seier konserndirektør Erlend Bårgard i Sognekraft Produksjon om prosjektet som hadde byggjestart no i november.
Dronebilete frå området, kring byggjestart.
Prosjektet kombinerer moderne løysingar med omsyn til naturen og bidreg samtidig til lokal verdiskaping.
- I alle område me er inne med byggjeprosjekt er det viktig for oss at lokalsamfunn skal få noko att for det. Når anlegget står ferdig vil de bidra med over 700.000 kroner i eigedomsskatt. I tillegg kjem ytterlegare verdiskaping gjennom falleige og arbeid til lokale entreprenørar, held Erlend fram.
Hovudentreprenør for prosjektet vert Magne Hafstad AS.
Kråkeelvi kraftverk
Plassering: Lånefjorden, Høyanger kommune
Årleg produksjon: Kring 15 GWh
Installert effekt: 5,2 MW
Slukeevne: 880 l/s
Konsesjonsløyve gjeve: 2016
Byggestart: 05.11.2024
Lokalisering og utforming
Kråkeelvi er ei sideelv til Dalelvi i Lånefjorden i Høyanger kommune, og har nedbørsfelt frå Isvotni på kote 1027. Kraftverket vil utnytte eit fall frå Kråkelvi med eit inntak ved kote 698 ned til kote 14 ved kraftstasjonen.
- Stasjonen blir plassert om lag 500 meter frå fjorden, og er tenkt bygd etter same mal som stasjonen til Mundalselvi kraftverk i Fjærland, fortel prosjektleiar Kåre Fosse.
For Kråkeelvi kraftverk er det lagt vekt på smarte løysingar som reduserer synlegheita av inngrep i naturen.
- I arbeidet med Kråkeelvi kraftverk har me vore opptatt av å finne løysingar som minskar inngrep i naturen og landskapet. Vassvegen vil gå i fjell og nedgravd røyr og vil ikkje vera synleg når kraftverket er ferdig. Inntaket vert bygd utan tilkomstveg, noko som reduserer inngrep ytterlegare.
- Slepp av relativt mykje minstevassføring om sommaren skal kompensere for ulempene med uttak av vatn i elva, seier Kåre.
Kråkeelvi kraftverk er venta å stå klar i 2026.
Kraftverket har ei byggetid på litt over eit år og skal etter planen stå klart til snøsmeltinga våren 2026.
- Me har alt komt godt i gang, og ser fram til ei hektisk – men spennande byggjetid, avsluttar Kåre.