Torgeir vart konserndirektør i ny stilling  

Portrettbilete Torgeir Skålid

Torgeir Skålid har takka ja til å verte konserndirektør for samfunn og innovasjon i Sognekraft.

- Alt me gjer handlar om lokalsamfunna i Sogn og utvikling av dei. Med så mykje flinke folk på laget er eg supermotivert til å ta fatt på nye utfordringar, seier Torgeir Skålid.  

Etter eit halvt år som dagleg leiar i Sogn Utvikling takka Skålid ja til å verte konserndirektør samfunn og innovasjon.

 Den nye stillinga tredde i funksjon 1. mai.  

- Det har gått fort i svingane, men dette tilbodet var så spanande at eg rett og slett ikkje kunne takka nei. Me har mange viktige samfunnsoppdrag i Sognekraft. Eg er stolt av å kunne ta del i det på permanent basis, sjølv om eg sjølvsagt også vil sakna den fine gjengen i Sogn Næring.  

Sognekraft = Drivkraft

Torgeir held fram som dagleg leiar for Sogn Utvikling, men får også konsernoppgåver knytt til samfunnsansvar og berekraft, kommunikasjon, innovasjon og forretningsutvikling. Her har Sognekraft satsa stort med fleire nye tilsettingar den siste tida. Den nye konserndirektøren skal mellom anna bidra til strategisk retning og planlegging knytt mot nemnte fagfelt.  

- Det skjer veldig mykje spennande i konsernet og no samlar me kreftene og set fart. Me skal ha fokus på utvikling og vere ein aktiv medspelar og drivkraft i lokalsamfunna i Sogn inn i ei grønare framtid. 

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal gler seg over å no ha ei viktig brikke i den spanande nysatsinga på plass. Han er også svært nøgd med å ha Torgeir med på Sognekraftlaget, på permanent basis.  

- Ved å setje utviklingsarbeid i fokus, spelar me opp mot visjonen om å vera drivkraft i Sogn. Torgeir er ein driven type som har fått til mykje med Sogn Utvikling på kort tid, og eg er heilt sikker på at ham er rett mann til å samle funksjonane og til å leia dette arbeidet vidare.    

 At «drivkraft i Sogn» no vert mantraet, har Torgeir lite problem med:  
 
- Eg brenn for utvikling, og Sognekraft er eit fantastisk utgangspunkt for å utvikla Sogn framover. Eg har ei sterk tru på at me kan få til mykje bra, både med tanke på utvikling i konsernet, men også som bidragsytarar i lokalsamfunna i åra som kjem. Eg gler meg til å sjå kva me kan få til!


Forrige
Forrige

Draumedag på Fosshaugane Campus

Neste
Neste

Bli med på innsida av Leikanger kraftverk