Status for Feios Kraftverk hausten 2024

Inne Feios Kraftverk

Byggjeprosjektet Feios Kraftverk har god framdrift og kraftverket er venta å stå klar i løpet av hausten 2025. Opprinneleg skulle kraftverket stå klar i løpet av 2026.

- Kraftverkprosjektet har god framdrift og fleire viktige milepælar har blitt nådd i løpet av seinsommaren og hausten, med gjennomslag i tilløpstunnelen som ei av dei viktigaste hendingane no i haust

Det seier prosjektleiar for Feios Kraftverk Bernt Erlend Fridell, som kjem med siste rapport før han går ut i permisjon frå midten av oktober og fram til februar 2025. Dagfinn Vatne trer inn som fungerande prosjektleiar i denne perioden.

– Eg kjenner meg heilt trygg på at prosjektet er i gode hender, seier den relativt nybakte pappaen.

Bilete frå gjennomslaget

Bilete frå gjennomslaget 21. september. Foto: Veidekke.

Høg aktivitet også framover

På spørsmål om kva arbeid som no står for tur i prosjektet, svarar Bernt Erlend følgjande:

Betongarbeidet i kraftstasjonen held fram for fullt. Ringleidningane og turbinhuset er montert og støypt inn, og teknisk bygg er no under montering. Dette bygget skal romme kontrollrom, batterirom, opphaldsrom og verkstad. Gjennom vinteren skal me også montere utstyr som generatorar, transformatorar, kontrollanlegg og husinstallasjonar som lys og teknisk utstyr for drift av kraftverket.

Han gir også ei oppdatering på arbeidet i Åfetdalen:

Tunneldrivinga er hovudaktiviteten der framleis. Overføringstunnelen mot Haugasetedalen er no om lag 2000 meter inn i fjellet, og me forventar gjennomslag våren 2025. Me er svært fornøgde med samarbeidet med grunneigarane når det gjeld bruken av steinmassane, som vert nytta til bygging av skogsbilvegar. Dette er berekraft i praksis!

På Haugasete er det full aktivitet med bygging av inntak og legging av røyrgater.

Inntaket ved Storelvi er godt i gang, og betongarbeidet vil halde fram til sommaren 2025. For andre inntak, som Turidøla og Tverrelvi, er det meste av betongarbeidet ferdig. Nyleg har me også starta arbeidet på Kvitgyrva, Åfet og Nyasete.

Inntak Storelvi, byggjeplass.

Inntak Storelvi.

Sygnir sitt arbeid med linjebygging

Nettselskapet Sygnir er godt i gang med bygging av ei 132 kV-linje mellom Feios Kraftverk og Dagshovden. Dei ligg godt an med sitt arbeid inn mot vinteren.

– Linjebygginga har gått veldig bra, og det er imponerande å sjå den skånsame montasjemetoden Sygnir nyttar. I staden for å sprenge og grave, kjerneborer dei hol i fjellet og monterer stolpane på ein effektiv måte som tek lite areal. Dette reduserer også montasjetida, seier Bernt Erlend, som oppmodar dei som ønskjer fleire oppdateringar rundt dette arbeidet om å besøke Sygnir sine nettsider.

Avslutningsvis minner Bernt Erlend om HMS-tiltak i området.

– Det er viktig å understreka at Håastrondi, tunnelen og inntaka framleis er anleggsområde. Det er ikkje tilgang for grunneigarar eller turgåarar av omsyn til tryggleik.

Sjå video frå då statsminister Jonas Gahr Støre vitja Feios Kraftverk tidlegare i haust:


Forrige
Forrige

Informasjon og oppdateringar kring ekstremvêret Jakob

Neste
Neste

Camp Sognekraft 2025!