Informasjon og oppdateringar kring ekstremvêret Jakob

Sognekraft Produksjon føl nøye med på situasjonen kring Veitastrondvassdraget.

Ekstremvêret Jakob treff Indre Sogn frå torsdag 31. oktober, med kraftig regn og auka fare for flaum, jordskred og sørpeskred. For å imøtekoma dette, har Sognekraft-konsernet auka beredskapen både i Sognekraft Produksjon og nettselskapet Sygnir (les meir på Sygnir.no, eller gå til deira facebookside) og vil følge situasjonen tett desse dagane. 

Oppdaterte vasstandsmålingar for Sognekraft Produksjon kan du sjå her: Vasstandsmålar — Sognekraft

Oppdateringar Sognekraft Produksjon:

Status 31.10.2024, kl. 21:48

Vasstanden ved Veitastrondvatnet er ved skrivande stund 170,07 moh. Prognosane er litt meir usikre enn ved oppdatering tidlegare i dag og det er forventa at ein går over HRV i løpet av natta eller i morgon tidleg. Me tappar så mykje som mogleg og følgjer situasjonen tett.

Status 31.10.2024, kl. 10:49

Veitastrond er betydeleg nedtappa samanlikna med normalen og har i skrivande stund eit nivå på 169,74 moh (HRV på 170,5). Dei noverande meteorologiske prognosane er både kaldare og har ikkje dei same nedbørsmengdene som onsdag. Forventninga no er at vasstanden i Veitastrond ikkje skal nå opp til 171 moh.
 
Akkurat no er det grunn til forsiktig optimisme. Som me har erfart dei siste dagane, endrar dei meteorologiske varsla seg heile tida. Me vil gje løpande statusmeldingar om utviklinga.


Status 30.10.2024, kl 15.30

Hjå Sognekraft Produksjon vert ekstra mannskap utplassert ved enkelte kraftstasjonar, og kontroll vil bli utført ved utsette område som i Fjærland og Årøy. 

- Me har gjort og gjer det me kan for å minimera potensiell skaderisiko i denne situasjonen, seier konserndirektør i Sognekraft Produksjon Erlend Bårgard.  

Det same gjeld for Veitastrondvatnet der det vert tappa så mykje som mogleg gjennom dei regulerte lukene. Basert på nedbørprognosar er vatnet per no venta å stiga over høgste regulerte nivå (HRV) på 170,5 moh, men dette er vêravhengig. Sognekraft Produksjon gjer det dei kan for å vera føre var. 

- Me tappar vatnet med maksimal kapasitet for å halde vasstanden nede, og vaktpersonell har jamnleg oppsyn med vassdraga, held Erlend fram og kjem med følgande oppmoding til bebuarar/folk i nærområdet: 

- Vasstanden vil stiga både på Hafslovatnet og Veitastrondvatnet. Me oppmodar alle som har eigedom eller gjenstandar langs vassdraga til å sikre desse. Dette gjeld også ved elvar og bekkar som renn ut i desse vassdraga. Dette er viktig slik at ikkje noko kjem flytande og potensielt sperrar lukesystema.  


Neste
Neste

Status for Feios Kraftverk hausten 2024