Grønt lys for Feios kraftverk
Kraftverket vil etter planen stå klart for produksjonsstart i løpet av 2026.
- Dette er ein stor dag for Vik kommune. Utbygginga av Feios Kraftverk vil skape store positive ringverknader både for lokalsamfunnet og storsamfunnet generelt, seier ordførar i Vik kommune Roy Egil Stadheim.
Sognekraft har vedtatt å byggje Feios kraftverk, i Vik kommune. Kraftverket har ein forventa årleg produksjon på 98 GWh, tilsvarande omlag 5.000 husstandar og skal etter planen stå klart i 2026.
- Eg er svært glad for at me no får realisert dette. Det er som ein draum som går i oppfylling, seier konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, over 20 år etter at prosjektet først vart lansert.
Viktig for samfunnsutviklinga
Konsesjonssøknaden vart sendt i 2006 og OED gav konsesjon for Feios kraftverk 8. mars 2013 med oppstartfrist etter fem år. Utfordrande økonomiske vilkår medførte at Sognekraft i 2017 valde å søkje om å utsetje byggjestart med nye fem år. Etter at innretninga for grunnrenteskatten vart endra med verknad frå 1. januar 2021 vart prosjektet løfta opp att, men regjeringa sine skatteendringar hausten 2022 skapte ny uvisse.
- Den usikkerheita vart redusert med deira lovnad om å fjerne høgprisbidraget etter 2024, seier Nævdal.
Konserndirektør produksjon, Erlend Bårgard, seier at ein har hatt stor nytte av det gode planleggingsarbeidet som har vorte lagt ned over mange år.
- I innspurten har det vore eit omfattande arbeid med korte tidsfristar, både for Sognekraft, entreprenørar og grunneigarar. Samstundes ser me at jobben som tidlegare har vorte gjort gjer oss i stand til å iverksette dette på kort varsel.
Takkar grunneigarane og vikjene
Statnett forventar at Noreg vil ha eit kraftunderskot innan 2027. Sognekraft ønskjer å ta ansvar som regional drivkraft i det grøne skiftet. Konsernsjef Nævdal har heile vegen vore klar på at det er ønskjeleg å byggje Feios kraftverk, dersom rammevilkåra ligg til rette for det.
Han gjev skryt til grunneigarar for ein god og samarbeidande prosess for å få realisert kraftverket. Også lokalpolitikarar og kommunal administrasjon får skryt for samarbeidsviljen.
- Vik er ein kommune med ein lang og god krafttradisjon. Innbyggjarane veit kva moglegheiter som kan kome ut av å gjennomføre slike prosjekt.
Som eit bidrag til Feios bygdelag vert det ved byggjestart utbetalt ein sum på 1,5 mill. kroner, samt årlege utbetalingar på 75.000 kroner.
- Eit godt samarbeid har vore avgjerande for å få dette til. No skal me syte for å halde fram med den gode dialogen på best mogleg vis, slik at dette vert eit så bra prosjekt som me alle håpar på, avsluttar Nævdal.