Statsministeren om Sognekraft-satsing: - Helsar det velkommen  

- Det er veldig, veldig spennande å sjå. Å få komma inn i fjellet her og sjå at det vert lagt grunnlag for ny fornybar kraft, på ein veldig kreativ måte. Ein spennande og lærerik dag, konkluderer statsminister i Noreg, Jonas Gahr Støre.

Tysdag 1. oktober var statsministeren på besøk til Sognekraft og Feios Kraftverk. Det var som ein del av eit planlagt besøk i Vik at statsministeren, saman med eit følgje, avslutta dagen med ei omvising på det som er Noregs største kraftutbyggingsprosjekt.


- Vasskraften er nesten 90 % av det me produserer av kraft i Noreg. Det er jo bærebjelken vår. Det er ikkje veldig mykje meir me klarar å få ut av den, men ein del meir. Det som ein gjer her er ein del av det som får fram ny kraft, held han fram.

Konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, tek imot statsminister Jonas Gahr Støre. 

Meir kraft må til

I følgje LO og NHO sitt nylanserte kraftbalanse-kart vil Noreg vera i ein negativ kraftbalanse innan få år. Skal ein lukkast med å realisera stortinget sine planar om å halvera utslepp frå 1990-nivå innan 2030 og i tillegg verta eit nullutsleppssamfunn innan 2050, må meir fornybar kraft til, og det må skje raskt.

-  Eg får jo det inntrykket av at det å bygge i slike fjellkonstruksjonar, det kan Noreg. Me har gode selskap som kan det. Og så er det selskap her i Sognekraft som tenker langsiktig, at det er verdi i denne krafta.

Konsernsjef Erlend Bårgard for Sognekraft Produksjon i fint driv. Han var prosjektleiar for Leikanger Kraftverk, på andre sida av fjorden for Feios, som vart sett i drift for berre nokre få år sidan - og som Sognekraft kjøpte tilbake 100 % eigarskap for tidlegare i år. 

- Eg kan ikkje noko anna å seia enn at eg helsar det velkommen.

Feios Kraftverk vil med sine 98 GWh vera eit viktig bidrag til det grøne skiftet, og med kraftverket ferdig utbygd har Sognekraft åleine sett i drift kraft for nærare 500 GWh sidan 2018. Med det er Sognekraft ein av dei leiande aktørane i Noreg for utvikling av ny kraft dei siste åra.

Om sognekraft si rolle som bidragsytar til det grøne skiftet seier statsministeren følgjande:

- Dei ligg på rett stad. Det er moglegheiter for å gjera det her. Og så er det eit selskap som tenker langsiktig og har dyktige leiarar og langsiktige eigarar. Så det må me berre heia på, og at dei også tenker langsiktig for det store grøne skiftet me skal gjennom. Me kjem til å trenga meir fornybar kraft og dette er noko av det.

Biletekarusell frå dagen:


Forrige
Forrige

Søk på Camp Sognekraft 2025!

Neste
Neste

Besøk frå Fornybar Norge og Feios-oppdatering