Besøk frå Fornybar Norge og Feios-oppdatering

- Look to Sognekraft og Sogn!

Orda kjem frå administrerande direktør Åslaug Haga som saman med ein delegasjon frå Fornybar Norge vitja Sognekraft torsdag, mellom anna for ei omvisning av både Feios og Leikanger Kraftverk.

Sognekraft har sidan 2018 sett i drift nesten 500 GWh og er ein av dei leiande aktørande nasjonalt for driftsetting av ny vasskraft dei siste åra. I tillegg er elvekraftverka i Leikanger og Feios blant dei første til å vera designa med tunnelmagasin - som gjer at ein kan lagra og køyra produksjon for straum når behovet i systemet er større. Nettop dette var noko av det Fornybar Norge ønskte både å snakka og læra meir om under besøket.

Åslaug Haga og Terje Bakke Nævdal fann mykje spanande å snakka om under besøket.

For Sognekraft sin del vart det også mykje lærdom og inspirasjon å ta frå ein rivande dyktig og engasjert gjeng i Fornybar Norge:

- Veldig kjekt å ha Fornybar Norge på besøk. Me set pris på det flotte arbeidet som Åslaug Haga og teamet i Fornybar Norge gjer med å ivareta rammevilkår for å sikra den nødvendige utviklinga av meir fornybar kraft, seier konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.

Fornybar Norge på omvisning inne i Feios Kraftverk. 

Gjennomslag i tunnelen

Ekstra kjekt var det å få besøk kun dagar etter at ein kunne feira at gjennomslag av tunnelen som bind saman kraftstasjonen i Feios med kraftstasjonen i Åfetdalen. Tunnelen er 3684 meter lang og har ei stigning på 13 %. Med det er nok ein stor milepæl nådd i Feios-prosjektet, og ein ligg godt foran skjema i byggjeprosessen.

- Originalt skulle kraftverket stå klart i 2026, men no er håpet å få det i drift i løpet av hausten 2025, seier prosjektleiar Bernt Erlend Fridell, som kjem med følgjande oppdatering for vidare prosess:

- Av tunnelar i prosjektet gjenstår no overføringstunnelen mellom Åfetdalen og Haugasetedalen. Her er det dreve vel 1900m, og det gjenstår 2300m. Her er det venta gjennomslag på Haugasete våren 2025.

Foto: Veidekke.


Forrige
Forrige

Statsministeren om Sognekraft-satsing: - Helsar det velkommen  

Neste
Neste

Spektakulær ferd frå Romania til Feios