- Ei fantastisk reise sidan 2005

Jacob Hornnes portrettfoto

Jacob Hornnes tok til som produksjonssjef i Sognekraft Produksjon i 1998. No går han av med pensjon, med god samvit.

- Det har vore ei fantastisk reise sidan 2005, seier Jacob Hornnes.

Etter over 25 år i Sognekraft, dei fleste av dei som produksjonssjef for Sognekraft Produksjon, går den dedikerte vikjen i desse dagar av med pensjon.

Jacob har mange høgdepunkt å sjå tilbake på i si tid i Sognekraft. Eit av dei største kom no, heilt nyleg.

Rivande utvikling

1998 var året då Jacob vart tilsett som omsetning og produksjonssjef i Sognekraft. Verksemda har sidan vore gjennom ei rivande utvikling. Jacob minnast at det var i 2005 då ein ny og ambisiøs sjef i Terje Bakke Nævdal kom inn i Sognekraft, at ting verkeleg byrja å røra på seg.

- Me hadde ein samling i Jostedalen då me prøvde å staka ut kursen, då alle i selskapet var med. Det var då me bestemte oss for at me skulle vera i drivkraft i Sogn.

Og slik skulle det bli. Frå to kraftverk den gongen eig Sognekraft Produksjon no 20 kraftverk, og driftar fleire andre kraftverk. Til saman eig og / eller driftar Sognekraft no godt over 1 TWh årleg.

- Talet på kraftverk me har bygd (sidan då) er jo imponerande.

Positivt for lokalsamfunnet

Blant dei større prosjekta som har vorte sett i gong av Sognekraft dei siste åra finn ein mellom anna kraftverka i Fjærland (godt over 100 GWh årleg), som no er eigd av Clemens Kraft, og storprosjektet Leikanger Kraftverk. Sistnemte stod klar for drift i 2021 og produserer kring 208 GWh årleg.

Det nyaste prosjektet, Feios Kraftverk, fekk grønt lys for byggjestart i mars 2023 og har ein litt ekstra betydning for Jacob. Feios-prosjektet var nemleg noko av det første han jobba med då han kom inn i Sognekraft. Over 20 år skulle altså gå før det vart gjort investeringsvedtak.

- Det var ein fantastisk dag då utbygginga gjekk gjennom i styret. Dette har store ringverknader. Både Vik Kommune og Feios vil få litt av verdiskapingen i tillegg til at lokale entreprenørar er med som underentreprenørar i utbygginga her. Det er veldig positivt for lokalsamfunnet med ein slik utbygging.

Sjå video under for intervju med Jacob, og for å høyra meir om planane no når han skal av med pensjon:






Forrige
Forrige

Oppdatering Veitastrondsvatnet: Tilbake i normalsituasjon

Neste
Neste

Storstilt opning av Leikanger Kraftverk