Oppdatering Veitastrondsvatnet: Tilbake i normalsituasjon

Bilete frå vassdrag. Rennande elv.
  • Oppdatering fredag 31.05, klokka 12.10:

    Vasstanden ved Veitastrondvatnet har gått ned dei siste dagane og ligg no på 170,1 m.o.h. Me er no tilbake i det me ser på som ein normalsituasjon for drift.


    Prognosane framover den kommande tida viser ikkje teikn til flaumfare, då det mellom anna er meldt ein del lågare temperaturar utover neste veke.

  • Oppdatering onsdag 29.05, klokka 09.30:

    Vasstanden i Veitastrond ligg no på 170,3 m.o.h, altså noko under høgaste regulerte vasstand på 170,5 m.o.h. Me ser at det til no har vore mindre nedbør enn prognosert dei siste dagane.

    Framover tilseier prognosar at me unngår skadeflaum dei kommande dagane, men det er viktig å merka seg at både vêr og vêrmelding raskt kan endra seg og at vatnet framleis ligg tett opp mot HRV.

    Me føl situasjonen tett og vil inntil vidare halda fram å tappa så mykje som me kan frå Veitastrondvatnet, via Hafslovatnet og gjennom Årøyelva.
     

Informasjon om Veitastrondvatnet - måndag 27.05


Vasstanden for Veitastrondvatnet kjem truleg til å passera  høgaste regulerte vasstand (HRV) på 170,5 m.o.h. i løpet av dei kommande dagane. Dette skjer trass i at Sognekraft gjennom heile vårsesongen har hatt heilt opne luker med maksimal tappekapasitet ut av vatne

- Me har gjort – og skal halde fram med å gjera alt me kan for å minimera potensiell skaderisiko, seier produksjonssjef Arnfinn Brede i Sognekraft.   
 
Årsaka til stigninga av vatnet er først og fremst at høge temperaturar i mai, som har medført snøsmelting i stort volum, no vert kombinert med ny nedbør. Nedbøren er venta å halda fram i noko grad dei kommande dagane, noko som kan auka vasstanden ytterlegare.   
 
Sognekraft sine prognosar syner per no ikkje vasstandar opp mot nivå som gir skade på bustadhus, men vidare stigning er vêravhengig og vanskeleg å spå.  

- Sognekraft vil halda fram å tappa så mykje som me kan frå Veitastrondvatnet, via Hafslovatnet og gjennom Årøyelva.  

Ver merksam på materiell og utstyr

Det er viktig at dei som har gjenstandar eller eigedommar langs Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet er merksame på at det vil bli høgare vasstand, og sikrar materiell og utstyr ved vatnet for å hindre at det kjem på flyt og sperrar lukesystemet.

- Me gjer det me kan for å handtere situasjonen på best mogleg vis og vil koma med oppdateringar både på nett og på Facebooksida til Sognekraft - dersom det er behov for dette, avsluttar Brede.

Oppdaterte vasstandsmålingar kan du sjå her: Vasstandsmålar — Sognekraft


Forrige
Forrige

Ny milepæl nådd i Feios

Neste
Neste

- Ei fantastisk reise sidan 2005