Heile 203 søkjarar - desse er klare for Camp Sognekraft 2025
Me er glade for å kunne konstantera at Camp Sognekraft 2025 har skapt ei enorm interesse for søkjarar.
Heile 203 søknader kom inn, og konkurransen har vore svært tøff. Etter ein grundig prosess var det til slutt fire svært godt kvalifiserte og spennande deltakarar som trakk det lengste strået:
Først ut er Martine Østvik. Ho er masterstudent innan industriell Økonomi og Teknologileiing ved NTNU, med spesialisering i datateknologi og kunstig intelligens.
- Det er utruleg spennande å få vera med på Camp Sognekraft 2025. Eg gler meg til å ta del i programmet saman med dei andre deltakarane, seier ho.
Med seg på campen får ho Anna Torvund, som frå før har erfaring med sommarjobb i Sognekraft-konsernet. Anna er tredjeårsstudent i Fornybar Energi ved NTNU. Ho har ein variert bakgrunn som kombinerer tekniske og kreative ferdigheiter, og ho har tidlegare delteke i det internasjonale berekraftsprosjektet Under the Starry Sky under FN.
- Eg trur det blir veldig moro både fagleg og sosialt, og ser fram til å jobba med prosjekt ilag med dei andre deltakarane, seier ho.
Arne Wollen Mork studerer Bygg- og Miljøteknikk på tredje året ved NTNU, med spesialisering innan vatn- og miljøteknikk. Han kombinerer dette med ein bachelor i samfunnsøkonomi, noko som gir han ein unik kombinasjon av teknisk og økonomisk innsikt.
- Det er ei stor ære å bli valt ut til Camp Sognekraft og å få bidra i eit innovativt konsern som Sognekraft, seier han.
Sist men ikkje minst er me glade for å kunne presentera Maja Åsmul. Ho går på fjerde året i Energi og Miljø-studiet ved NTNU, der ho spesialiserer seg innan energianalyse og planlegging.
- Eg gler meg til ein lærerik sommar i Sogn, og til å få oppleva den flotte naturen!
Då er det berre å gleda seg til sommaren 2025 - og til å følgje desse unge og lovande campdeltakarane vidare på reisa.