Spektakulær ferd frå Romania til Feios

- Dette er ein veldig stor milepæl i prosjektet. Det er turbinane som (saman med generatorane) omgjer energien i vatnet til grøn energi, seier assisterande prosjektleiar for Feios Kraftverk, Thomas Henanger.

Nyleg vart dei to turbinhusa til Feios Kraftverk montert på plass, 500 meter inne i fjellet. Med ein effekt på 2 x 15 MW og ei sluke-evne på totalt 8 kubikk vatn per sekund, utgjer turbinane på mange måtar sjølve «hjartet» av kraftverket.  

Turbinhusa vart transportert frå Romania og enda langt inne i fjellet i Feios.

Frå Romania til Feios

Ferda til Feios starta i Romania på fabrikken IKON IDEEA, der turbinane vart produsert. Ansvarleg for produksjon, frakt og montering av turbinhusa har vore underentreprenør Spetals Verk.  

- Dette er ein av dei største leveransane til Spetals Verk gjennom tidene. Me tykkjer det er stas å vera ein del av det største kraftutbyggingsprosjektet i Noreg, seier montasjeleiar Thomas Jonassen.

Thomas Jonassen i Spetals Verk sørga for at turbinhusa kom på plass inne i kraftverket.

Dei to turbinhusa vog til saman nærare 30 tonn og vart frakta via båt til Bergen, før det vart ført vidare med lastebil, ein tur per turbin, i ein spektakulær ferd over Vikafjellet.  

- Det har vore ei lang ferd frå Romania, og no gjenstår den viktigaste delen, sa Thomas Henanger like før det første turbinhuset vart rygga inn 500 meter inn i fjellet til kraftstasjonen.  
 
Han påpeiker at sjølve turbinhjulet, som berre utgjer 1 meter i diameter, først vert installert i sluttfasen av prosjektet, når driftssetjing av kraftverket nærmar seg.

Arbeid framover

Med ein vellukka transport-etappe og installering av turbinhusa ser Sognekraft Produksjon framover mot det som vert ein travel og spanande haust.

Etter avlasting av turbinhusa, som tilsaman veg nærare 15 tonn kvar, tek det fort nokre veker før det er ferdig installert.

 - Først skal turbinane støypast inn før elektroinstallasjonar startar . I haust og vinter vert det mykje fokus på det som skal skje inne i kraftverket, i tillegg til at det vil føregå mykje aktivitet på inntaka, seier Thomas.  
 
Om nokre veker er det ein ny milepæl som ventar. Då vil det nemleg verta gjennomslag på den 3,7 kilometer lange tilløpstunnelen mellom kraftstasjon og inntaka i Åfetdalen.
 
 - Det går med andre ord slag i slag, slik det har gjort heile vegen, avsluttar Thomas.


Forrige
Forrige

Besøk frå Fornybar Norge og Feios-oppdatering

Neste
Neste

- Spanande å få læra meir om arbeidskvardagen i ein hyperaktuell bransje