Ny milepæl nådd i Feios

- Dette er stort! No har me tunnel heilt frå kraftstasjonen 500 meter inne i fjellet, og rett ut i fjorden, seier teknisk prosjektleiar for Feios Kraftverk-utbygginga, Bernt Erlend Fridell.  
 
Nyleg var det gjennomslag på utløpstunnelen i Feios. Ein av dei største milepælane i prosjektet til no.  
 
Feios Kraftverk skal etter planen vera ferdig i 2026.

Bilete av tunnelen ved Håastrondi

Det er bana god veg inn til Kraftstasjonen, som ligg ca. 500 meter inne i fjellet.  

God framdrift

Det var hovudentreprenøren Veidekke som stod for sjølve sprenginga like ved kaia på Håastrondi. Der hadde Veidekke-representant Dag Ole Reinholdtsen full kontroll både på sprenging og tryggleik.  

- Før me skal sprenga så har me sett ut fire postar for å stoppe trafikk, for å vareta sikkerheita, sa han like før kruttsalvane dundra utover Sognefjorden. Også han var klar på at utsprenginga markerer eit viktig steg for prosjektet.

Framdrifta i prosjektet til no har vore god. Bernt Erlend gjer opp status før sommaren:  

Kart over framdrift, teikning.

Ei rykande fersk oppdatering over framdrift.

- Me ligg i rute med tanke på framdriftsplanen, men det er mange spanande utfordringar som ventar. No vil det verte gjennomført ein del betongarbeid inne i kraftstasjonen, og me vil jobba med tunneldriving både oppover frå kraftstasjonen, ned frå Åfetdalen og bortover mot Haugasete. 

Nesten full drift også i sommar

Neste store steg i prosjektet no er innstøyping av turbinar, som kan skje allereie i august. Det betyr at ein god del arbeid vil bli unnagjort også i fellesferien i sommar.

- Det er berre ei veke det ikkje vert arbeid, elles kjem det til å vera full drift. Det er framleis mykje arbeid som står att, men det går fort framover. Det er slik me vil ha det, avsluttar Fridell.  

Prosjektleiar Bernt Erlend Fridell

Teknisk prosjektleiar Bernt Erlend Fridell ved Feios Kraftverk. 


Forrige
Forrige

- Spanande å få læra meir om arbeidskvardagen i ein hyperaktuell bransje

Neste
Neste

Oppdatering Veitastrondsvatnet: Tilbake i normalsituasjon