- Spanande å få læra meir om arbeidskvardagen i ein hyperaktuell bransje

NTNU-studentane (f.v) Anna Torvund, Pål Andre Lervåg og Jarle Nummedal er sommarvikarar i Sognekraft-konsernet denne sommaren. Her frå omvisning inne i Feios Kraftverk.

- Eg har høyrt mykje fint om både fjord og fjell i Sogn. I tillegg så er det eit pluss å få vera på utplassering i eit såpass framoverlent konsern som Sognekraft verker til å vera, seier Pål Andre Lervåg.

 Til dagleg studerer han energi og miljø ved NTNU i Trondheim, retning elkraft. Denne sommaren er han på plass i Sognekraft, saman med to andre unge og lovande studentar, som også tek studiefag ved NTNU i Trondheim.

- Jobba sjølvstendig

Med seg på laget har han mellom anna Anna Torvund. Ho kjem frå Leikanger, og kjenner slik sett litt til Sognekraft frå før - vel og merke frå utsida.

Anna Torvund gler seg til å få læra meir om korleis ein gjer ting på innsida av kraftbransjen.

- Det er klart det vert spanande å få læra meir om arbeidskvardagen i det som er ein hyperaktuell bransje. Skal ein lukkast med det grøne skiftet så må det vera tilrettelagt for det, og i Sogn er det ingen tvil om at Sognekraft er ein sentral aktør.

Jarle Nummedal, frå Vik, kjenner til Sognekraft, då han var sommarvikar også i fjor.

- I Sognekraft får ein ansvar og kan jobba sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver. Det er noko av grunnen til at eg ønskte meg hit, seier han.

Feios-omvisninga er ein av fleire samlingar denne sommaren for dei tre studentane.

- Mykje god læring

Ved sidan av å få erfara meir frå arbeidskvardagen er det lagt opp til samlingar som dei tre skal vera med på. Skal ein tru Anna var omvisninga på Feios Kraftverk, Noregs største nye utbyggingsprosjekt innan vasskraft, ein god plass å legga lista.

- Det var veldig spenande å få vera med inn i tunnelen og sjå meir detaljar rundt korleis ein jobbar med slike prosjekt. Slike ekskursjonar gir oss innblikk som me lærer mykje av. Eg ser fram til mykje god læring i løpet av sommaren, avsluttar Anna.

Sjå siste video frå Feios Kraftverk her:






Forrige
Forrige

Spektakulær ferd frå Romania til Feios

Neste
Neste

Ny milepæl nådd i Feios